
Ida Hove Solberg er utdanna innom fransk, engelsk og nordisk språk og litteratur frå universiteta i Oslo, Toulouse og Montréal, og er ph.d. i omsettingsvitskap med mastergrad i litterær omsetting frå fransk. Til dagleg arbeider hen som tekstredaktør. Som forskar har hen jobba med feministisk aktivisme i form av litterær omsetting (Universitetet i Oslo, 2014–18) og utforska korleis okkupasjonsmakta i Noreg under andre verdskrigen brukte omsett litteratur som propaganda (Stockholms universitet, 2019–21).
I 2024 gav hen ut diktsamlinga Var det grønt (Samlaget), som vart nominert til Prisma-prisen for årets nordiske verk. Som omsettar har hen eit knippe bøker bak seg: Trado av Athena Farrokhzad og Svetlana Cârstean (H//O//F, 2021, gjendikta i samarbeid med Sindre Andersen), Amerikanske sonettar til min fortidige og framtidige snikmordar av Terrance Hayes (Samlaget, 2022, gjendikta i samarbeid med Sofia Knudsen Estifanos), og Anno asen av Athena Farrokhzad (Samlaget, 2025). I tillegg arbeider hen i skrivande stund med Januarbarna av Safia Elhillo (Lo forlag, kjem i 2026, gjendikta i samarbeid med Asha Abdullahi).
Hen starta som frilans kritikar for eit tiår sidan og har skrive for m.a. Bokvennen Litterær Avis, Bokmagasinet i Klassekampen, Fett og Mellom. Sistnemnde var hen med og starte i 2014, blant anna med mål om å auke kvaliteten på kritikk av omsett litteratur. Hen har òg sete i Kritikarlagets jury for årets beste omsetting, og var i 2023 med og starte mikroforlaget Lo forlag, der hen verkar som redaktør og språkvaskar.